Runde Miljøsenter

Runde miljøsenter inviterer til lundesafari i fuglefjellet med naturguide og sjømat. Vil ut på sjøen, freistar dei med sel- og sjøfuglsafari. Og i fjøra kan du få med deg vandring i lag med marinbiolog og naturguide. Den turen skal gi deg smaken på tang og tare! Miljøsenteret har også omvisingar i utstillingane på senteret og open kafe.

Herøy gard

Den vesle øya Herøy har ei over tusen år lang historie. Her har vikingkongar og pilegrimar stoppa, her har det vore handelsstad og kyrkjestad. Øya inviterer deg til gode stiar, vakker natur og historiebesøk med vaflar på Herøy kystmuseum.

Thon Hotel Fosnavåg & Sunnmørsbadet

Thon Hotel Fosnavåg ligg midt i hamna med flotte rom, ein berømt frokost og kino i hotellet. Sunnmørsbadet og hotellet velkomen til badeglade familiar med gode pakkeprisar.



Skotholmen

På ein holme like utanfor Fosnavåg sentrum ventar sjømat på alle fat. Smaken av hav vert servert i sjøbuda der dei har handla med fisk i fleire hundre år.